Letra Attergangar de Cor Scorpii

Letra de Attergangar

Cor Scorpii


Attergangar
Cor Scorpii
(0 votos)
Ut i skogen ligg eit lik
I mørkret ligg
Mi byrde og mitt svik
Mitt svik, i evig mørke
Framsyn om vanry, framsyn om skam
Eg bar deg ut, mitt kjære barn
Mitt kjære barn, fødd i dølgsmål
Sviken, ofra, drepen, ikkje fekk eg leva
For all tid fanga i skuggane si famn
Aldri fekk eg læra, aldri fekk eg elska
Alt vart teke frå meg, men hat og harme voks
Lys og håp svunne og skjebna forsegla
Eit liv blant dei daue med uro i sjela
Ord om det som hende, ord om hemnens time
Vinden spreier soga mi til fjern og nær
Opp frå grava eg meg tvang
Drive av tankar om hemn
Frå jord har eg kome og til jord skal du bli
Utburden har vakna til liv
Lenge har eg leita etter ho som gav meg liv
Ei bør på ryggen til vandrarar forbi
No er ferda over eg ser deg i det fjerne
Tida er inne, ein mordar myrdast skal
Eg angrar bittert på mitt val
Eg ville aldri gje deg smerte
I mine draumar eg ser at du kjem
For å skjenke meg mi straff
… som eg attrår


Comparte Attergangar! con tus amigos.


Que tal te parece Attergangar de Cor Scorpii?
Pesima
Mala
Regular
Buena
Excelente